Velkomen til påske på Billingen

Familieskirenn, viltkveld, 5-rettars påskemeny med kjøt frå eigne lam. Det er berre noko av det du finn på menyen på Billingen påska 2022.

Nyt påska saman med oss på Billingen. Vi har open kafé kvar dag frå kl. 12 – 18, 9. – 17. april.

Puben er open kvar kveld frå 19.00 til midnatt.

I tillegg kan du bli med på desse aktivitetane:

Palmesundag, 10. april kl 13:00

Rebusrenn

Uhøgtidleg familieskirenn med postar undervegs.
Rundløype på ca. 1 km på Tormo´n.
Premiering
Vi fyrar grillen
Påmelding på 99 30 80 30 innan laurdag 9. april kl 18. (verforbehold)


Viltkveld

Vi serverer mange gode smakar frå jakta sist haust.
Bordbestilling 99 30 80 30 innan torsdag kl. 18.

Langfredag, 15. april kl. 19


Påskeeftan, 16. april kl. 19

5-retters lamme-meny

Gode smakar der kjøt frå eigne lam som har beita opp mot Lomseggen spelar hovdrolla.
Bordbestilling 99 30 80 30 innan fredag kl. 18.


Sundagsmiddag

God, heimelaga sundagsmiddag med kjøtkaker og steik av Charolise.

Fyrste påskedag, 17. april kl. 14 – 18


påske på billingen

Noko du lurar på om påska på Billingen? Ta kontakt med oss