Eventyrlege Billingen Seterpensjonat

Med elva Tora brusande forbi ligg Billingen Seterpensjonat som eit eventyrleg pusterom i ein hektisk kvardag i naturskjøne omgjevnader – midt mellom aust- og vestland.

Billingen Seterpensjonat ligg vakkert til, byr på god heimelaga mat, lun atmosfære og rik kulturhistorie.

Stuttreiste opplevingar

Kultur-, mat – og naturopplevingane på Billingen er mange og stuttreiste.

Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfriheit og tømmerveggar med sjel.

Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen, stigen som er ein hyllest til lyrikaren Jan-Magnus Bruheim med tavlar som inneheld utdrag frå diktinga hass.

inne på billingen med to personer som sitter ved bord

Dette kan vere ei filosofisk vandring, der ein kan ta seg tid til å reflektere over dei store og små tinga i livet.

Vertskap med hjarte for gode opplevingar

I dag er det ekteparet Marianne Stensgård og Arnstein Fjerdingren som er vertskap på Billingen saman med døtrene Oda, Brita og Synne. Espen, kjæresten til Brita, er også med når han har tid og det same med mormor Anne Lise

marianne stensgård og arnstein fjerdinggren er vertskap på billingen

Heile gjengen har bidrege til at pensjonatet vart bygd og vore med i drifta når det passar.

Brita har tatt fagbrev som kokk og har hovudansvaret for maten som blir servert.

Familien driv også garden Stensgård. Mykje av kjøtet som blir produsert på garden blir servert på Billingen.

Fleire i gjengen er ivrige jegerar og likar å jakte. Det blir jakta på elg, hjort og rein og kjøtet blir foredla og hamnar på tallerkenen på Billingen. Om hausten er det med andre ord travle tider med matauk. Begrepet frå jord til bord høver vel godt på Billingen.

Frå ystebu til seteridyll

Grenda Billingen har alltid vore ein naturleg stoppestad for vegfarande og eit flott utgangspunkt for fjellturar.

Seterstulen er av dei eldste seterstulane i bygda, og i 1920 opna Billingen seterysteri på staden der pensjonatet står i dag. Dette var eit felles ysteri for setrene ikring. Marianne sine oldeforeldre var med å fekk igang dette. Det var kafedrift i tillegg til ysteri, og vegfarande kunne kjøpe både smør, rømmekolle og geitost.

Billingen seterysteri

Etter krigen vart det slutt på ystinga, men kafedrifta heldt fram. Fyrst på 50-talet tok også dette slutt, og huset vart fløtt til Hamsevika ved Grotli og nytta som slakteri for TRIO tamreinlag.

Besteforeldra til Marianne, fekk ta over den vesle hytta som vart nytta til ostelager. Marianne arva etter kvart den vesle ystbua, og draumen om å skapa noko på denne staden kunne realiserast.

Billingen seterpensjonat om sommeren

Både Arnstein og Marianne er opptekne av å ta vare på gamle tømmerhus. Det er fleire gamle hus heime på garden som har vore gjennom ei restaurering.

Hovudbygget på Billingen er eit gamalt våningshus frå Skjåk frå 1800 talet, som er flytta opp frå bygda. Her er det blanda både gamalt og nytt med røffe tømmerveggar attåt kvit panel og gamle møblar frå rundt 1900 talet. På veggane heng svart- kvitt bilder frå Skjåk historielag sitt arkiv, frå den gongen det var seterysteri her.


Døyvd fossedur
og humlesurr
og fuglesongen,
er som eit kjærleiksmøte
fyrste gongen.

JAN-MAGNUS BRUHEIM