Menyen på Billingen: godt og heimelaga

Godt og heimelaga. Ujålete og ekte. På Billingen får du alt frå vaffel med utsikt til kjøtkaker av eige charlois kjøtfe.

På Billingen Seterpensjonat kan du både ete og kjøpe med deg lokalprodusert mat frå garden vår, Stensgård, eller frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat. Mat laga med hender og hjarte.

rømmegraut og spekemat på serveringsstedet billingen i skjåk

Arnstein er ivrig jeger, og vilt frå området står alltid på menyen.

Menyen på dagtid – godt og heimelaga

På dagtid serverer vi kjøtkaker laga av eigne charolaise kjøtfe, heimelaga elgkarbonadar, spekemat, store og skikkeleg gode vafler, smørbrød, og ulike smårettar.

Vi har skjenkeløyve med alle rettigheitar og tilbyr gjerne lokalt øl eller ein god norsk akevitt.

god rømmevaffel på billingen
Vaffel med utsikt. Ein spesialitet på Billingen Seterpensjonat.

Kveldsmenyen – godt og heimelaga med litt ekstra

I hovudsesongen kan du nyte ein eigen kveldsmeny med fleire rettar.

Kva vi har på menyen endrar seg gjerne kvar dag – alt etter kva råvarer som er i sesong, og kva vi har tilgang til av godt og lokalt.

Vi lagar også fleire rettars middag på bestilling, og set gjerne saman ein meny etter dine ynskje når du legg selskapet ditt til oss på Billingen.

Du får alltid god, heimelaga mat på Billingen.

Den nakne kroppen ynskjer klær,
den svoltne å bli metta.
Men um vi meir enn nøgdi fær,
blir hugen aldri stetta.

Jan-Magnus Bruheim