Skjåk – eit eldorado for fine sykkelturar

Likar du å oppleve herleg natur ved foten av to nasjonalparkar, idylliske seterlandskap, vakre fjell og nydelege dalar frå sykkelsetet? Da er Skjåk rette staden for deg.

Her kan du sykle milevis utanom hovudfartsåra som er RV 15. Du kan køyre på to hjul på grusvegar, skogsvegar, stigar og setervegar og kjenne lukta av nyslått gras, varm jord og sommareng.

Skjåk er eit eldorado for fine sykkelturar.

Billingen ligg midt i mellom alt dette og er eit flott utgangspunkt for dagsturar. Du kan også sykle i ein rundtur mellom gode reiselivskollegaer og få med deg gastronomiske opplevingar og kultur i salig harmoni.

Er du sprek og likar å bruke kroppen som motor, kan du starte frå vakre Geiranger som ligg på UNESCO si verdsarvliste og er rekna som eit av dei mest naturskjønne fjordområda på planeten og sykle oppom Dalsnibba før du set nasen mot Billingen. Da får du ein fenomenal tur som krever stål i bein og armer.

god rømmevaffel på billingen
Vaffel med utsikt smakar ekstra godt etter ein fin sykkeltur.
oversiktsbilde billingen setergrend sett fra lufta
Billingen er eit ypperleg utgangspunkt for fine sykkelturar.

Likar du å få litt støtte i oppoverbakkane, så er el-sykkel ein super doning. Vår gode venninne, Tea Karoline Mork i Naturopplevingar, leiger gjerne ut syklar til ulike behov.

Sykkelturar finn du på outdooractive Skjåk.

Ta kontakt eller bestill opphald på Billingen