Skiturar i Skjåk

Nyt ein fin skitur i fantastisk løypenett, kliv til topps på randonnée, eller legg ut på kvite, vide vidder. Moglegheitene er uendelege for deg som er glad i fine skiturar når du brukar Billingen og Skjåk som utgangspunkt for turane dine.

På Billingen kan du spenne på deg skia rett uttafor døra, og gå rett inn i Reinheimen. Da kan du gå så lenge nista held, kome attende til Seterpensjonatet og sette deg i solveggen med litt forfriskingar.

to personer på randonnee i fjellet i skjåk
På Billingen har du tilgang til både preparerte løyper og fint toppturterreng rett uttafor døra.

Vil du gå lengre, kan du utvide turen med å overnatte på Almenningshyttene som ligg inne i Reinheimen.  Du kan og nytte deg av DNT sine hytter innover mot Tafjordfjella. 

Vi har også Norges mest avsidesliggjande 2000-meterstopp, Gråhø 2014m, som eit fint turmål frå Billingen. Denne kan fint kombinerast med ei overnatting i Skarvedalshytta (Skjåk Almenning).

Ein vår-skitur i april-mai er noko av det finaste ein kan oppleve og av dei beste opplevingene vi kan by på i Skjåk. Reinheimen har ofte godt skiføre til langt ut i mai. Ein skitur i shorts må berre opplevast!

skitur i fint vintervær i skjåk
Kvite vidder med ski på beina.
Moglegheitene er uendelege for deg som er glad i fine skiturar.

For Randonee-folket er det eit fantastisk terreng og boltre seg i. Frå Billingen Seterpensjonat kan du ta deg oppover til fjelltoppane du ser innafor oss, og få nokre fantastiske nedkjøyringar.

Naturopplevingar alt du treng dersom du vil leige deg utstyr. Dei stiller og gjerne med guide, dersom det er ynskjeleg.

Vil gå i gå i preparerte løyper, kan du gå rett inn i eit fantastisk løypenett på mange mil frå Billingen, med Åsen rundt som den lengste runda. Skjåk turløyper held løypenettet oppe heile vinteren.

Ta kontakt eller bestill opphald på Billingen