Nærtur på truger

Ofte finn du dei største opplevingane rett uttafor dørhella. Ein trugetur i nærområdet på Billingen må berre opplevast.

Med truger på føtene kan du virkelig utforske terrenget rundt oss. Einstullie Naturreservat med sin gamle urskog ligg mellom oss og Reinheimen Nasjonalpark. Her kan du studere  kjempefuru og den sjeldne ulvelaven i store mengder.

jente på trugetur ved billingen i skjåk
Du kan få mange gode turopplevingar på truger når du bur på Billingen.

Elvar og gjel kan kryssast og du kan oppleve mykje særeigen natur på ei lita runde.

Det fine med trugar er at det ikkje krev mykje utstyr og er ein aktivitet som passar folk i alle aldrar. Vi legg til rette for turar, og blir gjerne med som vegvisar. Truger kan du leige hjå oss på Billingen Seterpensjonat.

Ta kontakt eller bestill opphald på Billingen