Frå sæterysteri til sæterperle for vegfarande

Eventyret på Billingen starta med seterysteri og kafé for fjell- og vegfarande. Sjølv om det ikkje blir ysta lenger, er plassen framleis ein naturleg stoppestad for både fjellfolk og den som ferdast etter vegen mellom aust- og vestland.

Plassen er ein naturleg stoppestad for vegfarande og eit flott utgangspunkt for fjellturar.

billingen seterpensjonat i kveldssol

Seterstulen er av dei eldste seterstulane i bygda, og i 1920 opna Billingen seterysteri på staden der pensjonatet står i dag. Dette var eit felles ysteri for setrene ikring. Marianne sine oldeforeldre var med å fekk igang dette.

seterysteri før i tida i skjåk
billingen sommerbilde stort

Det var kafedrift i tillegg til ysteri og vegfarande kunne kjøpe både smør, rømmekolle og geitost. Etter krigen vart det slutt på ystinga, men kafedrifta heldt fram.

Fyrst på 50-talet tok også dette slutt og huset vart fløtt til Hamsevika ved Grotli og nytta som slakteri for TRIO tamreinlag. Besteforeldra til Marianne, fekk ta over den vesle hytta som vart nytta til ostelager.

Marianne arva den vesle ystbua og draumen om å skapa noko på denne staden kunne realiserast. Både Arnstein og Marianne er opptekne av å ta vare på gamle tømmerhus.

Det er fleire gamle hus heime på garden som har vore gjennom ei restaurering. Bygningen er eit gamalt våningshus frå Skjåk frå 1800 talet, som er flytta opp frå bygda. Her er det blanda både gamalt og nytt med røffe tømmerveggar attåt kvit panel og gamle møblar frå rundt 1900 talet. På veggane heng svart- kvitt bilder frå Skjåk historielag sitt arkiv, frå den gongen det var seterysteri her.

Bestill eit opphald eller ta ein prat med oss


Den nakne kroppen ynskjer klær,
den svoltne å bli metta.
Men um vi meir enn nøgdi fær,
blir hugen aldri stetta.

Jan-Magnus Bruheim