Diktarstigen

Ein spektakulær rundtur i vill natur og frådande fossedur, krydra med dikt av Jan-Magnus Bruheim.

Diktarstigen vart laga i samband med 100-års jubileet for diktaren Jan_Magnus Bruheim. Diktaren var fødd i Skjåk, og budde nesten heile livet sitt her. Han debuterte 27 år gamal, med diktsamlinga «Steng dør». Bruheim gav ut 40 bøker gjennom like mange år. Det var mest lyrikk og barnebøker, men også prosabøker. Jan-Magnus Bruheim hadde i mange år hytte på Billingen. Her kunne han la seg innspirere og finne fred og ro. Langs diktarstigen er det sett opp 8 tavler med dikt av Bruheim.

kvinne leser dikt ved diktarstigen på billingen i skjåk
Diktarstigen på Billingen er verdt ein besøk når du er i Skjåk.

Når du går langs Diktarstigen, ta deg god tid til å lese desse vakre dikta. Turen er på omlag 700 meter, og går opp på den eine sida av elva og ned på den andre. Når ein skal krysse elva går ein over ei gamal utleggsbru. Denne brua er truleg bygd på 1700-talet, kanskje tidlegare.

dikt av jan magnus bruheim ved diktarstigen
Dikta til Jan-Magnus får ein ekstra dimensjon når du går Diktarstigen.
Diktarstigen er ein lett tur i nydelege omgjevnader.

Nyt freden og roen, i all elveduren, slik diktaren Jan-Magnus Bruheim gjorde når han var på hytta.

Ta kontakt eller bestill opphald på Billingen