Gavekort – ei eventyrleg fin gave

Eit opphald på Billingen Seterpensjonat er eit eventyrleg pusterom i kvardagen. Kvifor ikkje glede nokon du er glad i med eit gavekort?

Med elva Tora brusande forbi ligg pensjonatet og kafeen som eit eventyrleg pusterom, berre eit steinkast frå rv 15.

På Billingen Seterpensjonat er kultur-, mat – og naturopplevingane mange – og stuttreiste. Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfrihet og tømmerveggar med sjel.

Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen.

Bestill gavekort