Fine fjellturar med Billingen som base

Billingen er eit ypperleg utgangspunkt for fine fjellturar både for deg som er mest glad i stutte, enkle nærturar, og for deg som er glad i dei meir krevjande langturane i fjellet.

Med Billingen som utgangspunkt, har du mange moglegheiter også når snøen er borte.

Den fantastiske rundturen om den spektakulære Steinbrua er noko alle bør prøve å få med seg ved eit besøk på Billingen.

på fjelltur rundt billingen i skjåk
Familievenleg småtur, eller lang topptur. Billingen er eit fint utgangspunkt for begge delar.

Dette er ein rundtur på 3,6km, der du får med heile bruhistoria for dei 5 bruene på Billingen. Det er og fleire infotavler på runden som fortel om geologi og den spesielle naturen på Billingen.

Innover Reinheimen ligg vatna og elvane på rekkje og rad, eit eldorado for den som vil prøve fiskestanga. Er du heldig kan du møte på ein reinsflokk når du kjem inn i Tordalen eller på vidda innafor oss.

Triveleg og unik overnatting i dobbeltrom med sjel.
Billingen er eit ypperleg utgangspunkt for både korte og lange fjellturar i Skjåk og Tafjordfjella.

Billingen er eit populært start- eller endepunkt for fotturar inn i Tafjordfjella. Den mest nytta ruta er Billingen –  Torsbu – Veltdalshytta- Reindalsseter – Danskehytta- Grotli.

Ta kontakt eller bestill opphald på Billingen