Selskap og arrangement

Summe gonger er det rett å unne seg det vesle ekstra for å markere ei triveleg hending, eller arrangere eit flott og personleg selskap for å markere ei av høgtidene i livet.

På Billingen er dette så absolutt mogleg med ei ramme som er heilt unik.

selskapsmat på billingen
Saman med deg set vi saman ein selskapsmeny med god, heimelaga mat.

Vi er gjerne med å planlegg og gjennomfører bryllaup, dåp, konfirmasjon, slektstreff, gebursdagar og jubileum gjennom heile året.

I peisestua kan vi ta imot alt frå 15-50 gjester til festmiddag.

Ynskjer dykk overnatting, har vi 8 dobbeltrom i andre etasje, med vask på romma og to dusj og toalett på gangen.

Dersom det fristar med ein aktivitet eller ute-lunsj, ei triveleg stund rundt bålet i ein lavvo, ein truge- eller sykkeltur,  så bidreg vi gjerne til det og.

Ta kontakt for å få eit uforpliktande tilbod.


Då eg drog ut på ferda mi
så fekk eg med eit ferdaskrin
å gøyme gode minne i.
Og når eg opnar loket
så ligg dei der og skin.

JAN-MAGNUS BRUHEIM