Aktivitetar i Skjåk
Billingen Seterpensjonat er eit perfekt utgangspunkt for mange flotte turar og aktivitetar i Skjåk, Breheimen- og Reinheimen nasjonalparkar.
Supre sykkelturar, feiande flotte fjellturar, storslåtte skiturar, eller ein svipptur til fine fjordopplevingar i nabokommunane på andre sida av fjellet. Moglegheitene er nærast uendelege for deg som vel å bruke Billingen som base for fine ferie- og helgeopplevingar.
Sykkelturar i Skjåk
Likar du å oppleve herleg natur ved foten av to nasjonalparkar, idylliske seterlandskap, vakre fjell og nydelege dalar frå sykkelsetet? Da er Skjåk rette staden for deg.
Fine fjellturar
Billingen er eit ypperleg utgangspunkt for fine fjellturar både for deg som er mest glad i stutte, enkle nærturar, og for deg som er glad i dei meir krevjande langturane i fjellet.
Storslåtte skiturar i Skjåk
Nyt ein fin skitur i fantastisk løypenett, kliv til topps på randonnée, eller legg ut på kvite, vide vidder. Moglegheitene er uendelege for deg som er glad i fine skiturar når du brukar Billingen og Skjåk som utgangspunkt for turane dine.
Nærtur på truger
Ofte finn du dei største opplevingane rett uttafor dørhella. Ein trugetur i nærområdet på Billingen må berre opplevast.
Andre opplevingar
Bli lenger – opplev meir. I Skjåk går du aldri tom for aktivitetar – uansett om du er tøff toppturentusiast eller mest glad i rolege aktivitetar. Skjåk er også eit flott utgangspunkt for dagsturar blant anna Geiranger, Stryn og Rauma.
Jakt og fiske i Skjåk
Er du ivrig jeger, eller glad i å fiske? Bruk Billingen Seterpensjonat som base for jakt- og fiskeopplevingane dine.