Lokalmat frå eigen gard

På Billingen kan du nyte god mat av råvarer frå eigen gard. Meir stuttreiste måltid skal du leite lenge etter.

Vertskapet på Billingen Seterpensjonat bur på Stensgård i Skjåk. Stensgård er ein gamal gard med fleire fine gamle hus. Det eldste er freda, og er frå slutten av 1500 talet.

Gardsdrifta består av ammekuproduksjon med rasen Charolaise.

charolais-kjøtt frå eigen gard og spekepølse frå eigen gard på billingen sin serveringsstad
Grilla kjøt og spekepølse med råvarer frå eigen gard. Meir stuttreist mat skal du leite lenge etter.

Charolais er blant verdas eldste kjøttferaser. Rasen sine kjøttproduksjonseigenskapar og gode gemytt har gjort den svært populær blant norske kjøttprodusentar.

Kuflokken i Stensgård er ute på beite store delar av året, men på den kaldaste og hardaste vinteren er dei inne i fjøset. Dette gjer det enklare å stelle godt klauver og pels og dyra kan bli fôra individuelt. Det er kalving tidlig på våren, slik at de får en god start inne og blir prega på folk, før dei slepp ut til ein lang beitesesong.

billingen har råvarer fra egen gard og bruker charolais

Dyra blir slakta på Nortura, og blir mørna, delt og pakka hjå Breheimen Mat i Skjåk. Breheimen Mat er næraste nabo til Stensgård, og vi er heldige å få vere med på heile prosessen fram til ferdig foredla råvare.

Kjøttet blir for det meste omsett gjennom Gudbrandsdalsmat, eller direkte frå garden eller Billingen Seterpensjonat.

Meir om maten på serveringsstaden vår på Billingen


Den nakne kroppen ynskjer klær,
den svoltne å bli metta.
Men um vi meir enn nøgdi fær,
blir hugen aldri stetta.

Jan-Magnus Bruheim