gutt som ser ut av vindu på overnattingsstedet til billingen

Er du på leit etter overnatting i Skjåk? Billingen Seterpensjonat ligg lugumt til for vegfarande langs RV 15, og tilbyr unik overnatting i heilt spesielle omgjevnader.

Bestill overnatting på Billingen

triveleg overnatting i skjåk

Ei gullsko låg og sumde
høgt over Karitind.
Eg tok ho ned med augo
og bar ho med meg inn.

JAN-MAGNUS BRUHEIM
god rømmevaffel på billingen

Mat laga med hender og hjarte. På Billingen Seterpensjonat kan du både ete og kjøpe med deg lokalprodusert mat frå garden vår Stensgård, eller frå gode kollegaer i Gudbrandsdalsmat. Verten Arnstein er ivrig jeger, og vilt frå området står alltid på menyen. Opplev ein smak av Skjåk og Gudbrandsdalen.

Meir om matfilosofien på Billingen

skitur i fint vintervær i skjåk

Billingen Seterpensjonat er inngangsport til Reinheimen Nasjonalpark. Du kan velge alt frå spektakulære toppturar til fredelege vandringar langs fjellvatn og elver.
Frå tunet på Billingen har du eit unikt utgangspunkt for å oppleve heile dette fantastiske området – året rundt.

Opplevingar og aktivitetar

Med elva Tora brusande forbi ligg pensjonatet og kafeen som eit eventyrlig pusterom, berre eit steinkast fra rv. 15. På Billingen Seterpensjonat er kultur-, mat- og naturopplevingane mange – og stuttreiste. Inne får du heimelaga lokalmat, seterhistorie, gjestfriheit og tømmerveggar med sjel. Rett utanfor dørstokken freistar poetisk vandring på naturskjøne Diktarstigen.