Andre aktivitetar i og rundt Skjåk

Bli lenger – opplev meir. I Skjåk går du aldri tom for aktivitetar – uansett om du er tøff toppturentusiast eller mest glad i rolege aktivitetar.

Skjåk er eit eldorado for leik og aktivitetar ute i naturen.

Gocart på det flotte utandørsanlegget til NMK Skjåk er ein av mange aktivitetar du kan få med deg på ferie i Skjåk.

Dette er noko av det du kan oppleve med Billingen som base:

  • Sykkel, ski, fjell- og bretur med Naturopplevingar
  • Bading i jettegryter på Dønfoss Camping
  • Juving i Aura
  • Gocart og motorcross i Skjåk Aktivitetspark
  • Fjellridning med Fjelleventyret
  • Rafting med Skjåk Adventure
  • Fjordopplevingar i Geiranger
  • Rå utsikt frå Rampestreken
  • Skylift og Via Ferrata i Loen
  • Stryn Sommarskisenter

På tur med Naturopplevingar

Naturopplevingar tilbyr utleie av el-sykkel, vanleg sykkel, randoneeutstyr, og mykje meir. Dei tilbyr lokale guidar på bre eller fjell, sommer og vinter. Naturopplevingar i Skjåk kan stort sett bidra om du vil ut i fjellet og trenger å leie utstyr eller ein turleiar.

Bading på Dønfoss Camping

Kva er vel betre enn eit bad i irrgrønt brevatn? I Skjåk er det uendeleg mange fine badeplassar, enten du ynskjer å bade i eit fjellvatn heilt for deg sjølv, i vakre Ottaelva, eller i jettegrytene i bassenget på Dønfoss Camping.

Eit juventyr med Juventur

Gjennom tusenar av år har vatn og is, skore og sprengt seg gjennom berget og skapt det eventyrlege juvet Aura. Skjerma mot vær og vind, og med vassføring heile året gjev juvet gode vilkår for eit rikt planteliv. Elva Aura har sidan 1919 vore regulert, og frå 1965 vore «tørrlagt». Som fylgje av dette er det jevnt over låg vassføring, noko som gjer det mogleg for dei aller fleste å vandre i juvet.

Juventyr er eigd og drive av skjåkvêren Øystein Brandsar. Han har over 10 års erfaring med juving, og er i tillegg IRIA-sertifisert elveredder. Juventyr har spesialisert seg på juving i Aura.

Skjåk Aktivitetspark

Ein 5-minutters køyretur unna Billingen finn du Skjåk aktivitetspark. Her finn du ei splitter ny Gocart-bane og motorcrossbane.

Ridetur med Fjelleventyret

Har du lyst på ei naturoppleving utan om det vanlege? Bli med Fjelleventyret på ridetur ved inngangen til Breheimen nasjonalpark.

Fjelleventyret tilbyr korte turar eller dagstur på hesteryggen ved inngangen til Breheimen nasjonalpark. Her er det rideturar for både erfarne hestefolk og dei som ynskjer å bli med på ein rolegare familietur. Hjå Fjelleventyret møter du lokale guidar med lang erfaring. Du kan føle deg trygg på at både du og hesten blir teke godt vare på.

I vår- og sommarsesongen går det daglege rideturar, resten av året har dei også faste rideklassar.

Rafting eller juving med Skjåk Adventure

Rafting i den vakre Ottaelva er ein svært populær aktivitet for mange. Skjåk er og ein attraktiv stad for elvepadlarar som ynskjer utfordande opplevingar i ei av dei mange elvene våre.

Skjåk Adventure tilbyr rafting, juving, og andre elveaktivitetar. Her er det moglegheiter om du ynskjer ein ekstremtur i tøffe elvestryk, eller vil ta med familien på ein rolegare raftingtur tilpassa heile familien.

Ta kontakt eller bestill opphald på Billingen